Steinvik Fiskefarm Visningssenter ligger i vakre Høydalsfjord nær byene Florø og Førde. Senteret er en del av Steinvik Fiskefarm.

Steinvik Fiskefarm Visningssenter ligg i Høydalsfjord nær byane Florø og Førde.

Senteret er ein del av familieeigde Steinvik Fiskefarm, og eitt av dei fyrste visningssentera i Norge. Vi er eit praktisk visningsanlegg for moderne produksjon av laks og aure, og formidling av havbrukshistorie for publikum.

Vi tilbyr skreddarsydde opplegg med guide, etter alder eller type gruppe. Familien Vassbotten, som sjølve er guidar, har lang erfaring innan oppdrett, og kan fortelja om utviklinga som har skjedd i havbruksnæringa fram til i dag. På senteret kan du sjå ei innhaldsrik utstilling innandørs, og i tillegg vandra rett ut på mærkanten og sjå laksen/auren med eigne auge.

Vi har fast tradisjon med å ta inn skuleklassar på ulike alderssteg årleg. I tillegg arrangerer vi vår populære Open Dag ein laurdag i mai kvart år, med mange familievenlege havbruksaktivitetar.

Gå til nettside btn-arrow